top of page

1

Til sals

Nordnes

BRA i m2

126

Soverom

4

Etasjar

2

Vi har gleda av å presentere 9 einebustadar fordelt på 3 eksklusive kjedar, kvar med sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie. Dette inkluderer fleire variantar av planløysinga og tre ulike takformer. Her får du ein fleksibel einebustad i familievennleg området med flotte uteplassar – både terrasse, takterrasse og balkong.


Nordnes-bustaden er ideell for deg som ynskjer ein moderne, funksjonell bustad med «noko attåt». Med smart planløysing, kvalitetsmateriale og gode uteområde, er denne bustaden perfekt for deg som set pris på både estetikk og funksjonalitet.


Moderne hus med luftig atmosfære og fleksibel planløysing

Bustaden har eit grunnplan på 63 m2 og går over to etasjar, med ei gjennomtenkt og effektiv planløysing. I første etasje kan du frå inngangen gå til vaskerom, teknisk rom, bad og tre soverom. Andre etasje er lys og romsleg, med store vindaugsflater som slepp inn rikeleg med dagslys og gir ei luftig atmosfære. Her har du utgang til både balkong og terrasse.

Prisantyding

6.300.000,-

Planteikning

Bilete av bustaden

bottom of page